7 av dei 10 sparebankane i fylket har oppfylt regjeringa si målsetjing, og har no samla sett ein kvinnedel på 47 prosent i sine styre. Det viser ei kartlegging Sparebankforeningen har gjort. Dei sju sparebankane er Sparebanken Møre, SpareBank 1 NordVest, Sunndal Sparebank, Ørskog Sparebank og Rindal Sparebank, som alle har ein kvinnedel på 50 prosent. Sparebanken Volda og Ørsta og Surnadal Sparebank har begge 40 prosent kvinner i sine styre. Både Sparebanken Volda Ørsta, Surnadal Sparebank og Rindal Sparebank har kvinnelege styreleiarar. I utrekningane er det berre teke omsyn til dei eksternt valte styrerepresentantane. Tilsettevalde styremedlemmer er difor ikkje rekna med. Dette er i samsvar med lovvedtaket om minimum 40 prosent kvinner i styra. Sparebanktala toler godt å bli samanlikna med andre. Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at allmennaksjeselskapa sine styre ved årsskiftet hadde en kvinnedel på 36 prosent, i følgje ei pressemelding frå Sparebankforeningen.
Nyhende →
Over førti prosent kvinner i styra
Fleirtalet av sparebankane i Møre og Romsdal har en kvinnerepresentasjon på 40 prosent eller meir i styra.