På bakgrunn av at ferja Melshorn var ute av drift ei veke, fekk Gunn Berit Gjerde (V) fylkesutvalet måndag til å vedta ein uttale. Fylkesutvalet ber Statens Vegvesen skjerpe inn rutinane slik at det blir sytt for at erstatningsferjer med tilstrekkeleg kapasitet blir sett inn straks ferjer i trafikk fell ut. Vedtaket var samrøystes.