Episoden fann stad i Ulsteinvik sentrum 25. mars i fjor, og retten meiner det berre var eit lykketreff at den eine politibetjenten ikkje vart meir alvorleg skadd etter skaltinga. Tumultane starta då mannen, saman med ein annan kar, vart vist bort frå ein bensinstasjon i Ulsteinvik fordi dei hadde naska inne i butikken. Men mannen ville inn att på bensinstasjonen. Han klarte å opne ei låst dør og klatra vidare inn ei luke i veggen. Politiet vart kontakta, og ikkje lenge etter kom to politibetjentar. Den eine tenestemannen tok kontakt med tiltalte utanfor bensinstasjonen, og mannen var svært hissig. Han roa seg ned, og vart på oppmoding frå politiet med inn på bensinstasjonen for å betale for dei stolne varene. Men inne på bensinstasjonen brasa sinnet opp i han på nytt. Tre gonger slo han mot politiet med knytte/knytt neve, og han prøvde også å sparke dei. Men politiet trekte seg unna og han trefte ikkje. Han trefte blink berre med spyttklysene. Konsekvensen av dette var at mannen vart sett på handjern og ført mot politibilen som stod parkert utanfor.

Skalling og alvorlege truslar

I det han vart førd inn i bilen skalla han ein politibetjenten med stor kraft i andletet. Polititenestemannen vart påført eit kutt på to cm som måtte limast, og han hadde hovudpine i fleire dagar etter på. Men skallebanken mildna ikkje den aggressive mannen. Under vegs til Ålesund kom han med truslar mot den andre politibetjenten. Mannen sa blant anna at han visste kvar polititenestemannen budde, og at når han kom ut av fengselet skulle han knuse han. Borna til politimannen skulle han hente i barnehagen, og han kom ikkje til å kjenne dei att når han var ferdig med dei. Mannen toppa truslane med å varsle at dersom polititenestemannen hadde ei dotter, så ville han valdta henne. Retten finn det skjerpande at mannen er domfelt to gonger tidlegare. I formildande retning er det sett på at mannen under rettsforklaringa kom med tilståing utan atterhald. Han fekk likevel avgrensa rabatt for tilståinga, for retten viser til at han ikkje har villa forklare seg til politiet, og at tilståinga først kom under hovudforklaringane. Under forklaringa peika mannen på at han har endra livsførsel i det siste, og at han har ønske og vilje om å bryte med det tidlegare livet som innebar straffbare handlingar. Men retten kan ikkje sjå at dette er forhold som fører til at det ligg føre særlege rehabiliteringsomsyn, og dømde han til seks månaders fengsel.