I grunngjevinga seier utvalet at Haugen Bok AS er ei solid verksemd i vekst, som med lukke har våga å satse på ein ny teknologi. Bedrifta har utvikla seg frå å vere ein ganske vanleg distriktsbokhandel til å bli ein av dei største aktørane innan internettsal av bøker i Noreg. Utvalet peikar på at bedrifta har ei viktig rolle i lokalsamfunnet, både som arbeidsplass og som støttespelar for andre bedrifter. Fylkesprisen for "Årets bedrift" vart oppretta i 1991 av Møre og Romsdal fylkeskommune. Den skal delast ut kvart år til ei bedrift som på ein eller fleire måtar har merkt seg ut, melder smp.no. Føremålet med prisen er at han skal motivere og inspirere næringslivsleiarar i fylket til å gjere ein innsats for samfunnet.