Avisa "Nationen" fortel at tilbodet var nytt i haust og at 28 studentar i alderen 25 til 78 år melde seg på. Over nyttår er det klart for eit nytt kull slektsgranskarinteresserte studentar. Første del var lagt opp som eit nybegynnarkurs, men det viste seg fort at mange av studentane hadde drive med slektsgransking i mange år. Studiet gir 15 studiepoeng og er todelt. Over jul startar «Slektsgransking II», samstundes som det blir opna for eit nytt studentkull i "Slektsgransking I". Studiet er eit samarbeid med foreininga DIS-Norge, som organiserer slektsgranskarar. Interessa for slektsgransking har vore aukande - og den gode tilgangen på digitale kjelder gjer studiet ekstra aktuelt. Digitalarkivet, som vart etablert i 1998, tilbyr dei fleste kjeldene som slektsgranskarane nyttar. Ei stor oppgradering skjedde i fjor då det vart opna tilgang til skanna mikrofilmar av alle norske kyrkjebøker, til saman 11.000 band. No er ein også i gang med å skanne og digitalisere tinglysingsdokument og dødsbuskifte med eit vell av slektsinformasjon. Opptakskravet til slektsgranskar-studiet er i utgangspunktet generell studiekompetanse, men det er også høve til opptak på grunnlag av realkompetanse. All undervisning skjer på nettet. Også dei 7 førelesingane studentane må gjennom i løpet av det første semesteret blir sendt ut - som lydfiler.