Romel er aktiv i organisasjonen Back Pack Health Worker Team, som har base i Mae Soth i Thailand.

Svært farleg arbeid

Organisasjonen består av frivillige burmesiske flyktningar, som går i dagevis gjennom jungelen til avsidesliggjande landsbyar i Burma. I ryggsekken har dei med medisinar til dei internt fordrivne burmesarane som er offer for Burma sitt harde militærdiktatur. Dette arbeidet er svært farleg, overalt risikerer dei å trakke på landminer eller møte på væpna regjeringssoldatar. Mange har mista livet, og for ikkje lenge sidan mista ein av dei andre i teamet begge beina etter å ha trakka på ei landmine. Sjølv hevdar Romel at han berre gjer det som må gjerast. Dette er den einaste måten vi kan nå fram til alle desse pasientane. Vi gjer det for våre venner og vår slekt, og for alle dei som må flykte frå krigen, seier han. Romel kjem sjølv frå Karenfolket, ein av dei mange undertrykte minoritetane i Burma. Han er i Ulsteinvik i høve "Fasteaksjonen" til Kirkens Nødhjelp, og han skal møte konfirmantane og deira foreldre. Aksjonen i år handlar om konfliktar som verda overser, og ein del av pengane som kjem inn går til Back Pack Health Worker Team sitt arbeid. Romel reiser for tida rundt i fleire regionar i Noreg og fortel om sitt arbeid i Burma.

Militærdiktatur

Kirkens Nødhjelp har lenge hatt eit humanitært engasjement for burmesiske flyktningar i Thailand. Innsatsen omfattar hiv- og aidsprosjekt inne i landet, men òg helse- og tryggleiksprogram for burmesiske migrantarbeidarar i Thailand. Kirkens Nødhjelp arbeider i tillegg overfor norske myndigheiter for å få den vedvarande humanitære krisa på den nasjonale og internasjonale agendaen, og slik auke presset mot militærdiktaturet i Burma. Burma er blant dei landa i verda som gjer seg skuldig i dei grovaste brota på menneskerettane. Militærdiktaturet forfølgjer, valdtek og drep. Sidan 1960-talet har over 160.000 menneske flykta frå landet. Dei fleste reiser til nabolandet Thailand.

Saw Romel pakkar sekken med medisinsk utstyr før han gir seg ut på den farlege turen inn i Burma for å hjelpe sine landsmenn. (Foto: Linn Grøtberg/Kirkens Nødhjelp)