Frå v.: John Bjørkedal frå Bjørkedalen, Mikal Hjørungdal frå Hareid og Benjamin Bjørkedal, Bjørkedalen, ligg på flatseng under 4H-samlinga.

4H står sterkt i Møre og Romsdal. Denne helga er det samling for om lag 50 ungdomar på Hareid skule. I tillegg er 80 ungdomar frå nord om Romsdalsfjorden samla til eit liknande kurs på Eide.

Samlinga gir ungdomane ei innføring i korleis styreverva skal skjøttast. Styremedlemer, sekretærar, leiarar og kasserarar får lære kva som er forventa av dei ulike verva.

4H-ungdomane er i alderen 10-19 år, og kom til Hareid fredag ettermiddag. Først når middagen er eten søndag, skal dei på heimveg.

Organisasjonskurset er iblanda pauser med uteliv, volleyball og andre fysiske aktivitetar, og ungdomane fortel om ei triveleg helg.

Sjå papirutgåva tysdag.