• Nyhende
  • Sport
  • Kultur
  • Meiningar
  • eAvis
  • Søre-TV

Velg mørkt eller lyst utseende på avisen:

Nyhende →

Storstilt strandrydding på Ytre Søre

Kommunane Hareid, Sande, Herøy og Ulstein inviterer, saman med SSR, til stor strandryddingsdugnad frå og med komande måndag 16. april og til 7. mai. Målet er å gjere kystlinja fri for marint avfall. Vi nærmar oss 17.-mai - og i tillegg får Ytre Søre besøk av kronprinsen og kronprinsessa seinare denne månaden. Alle som vil, kan vere med på å rydde, men det blir tilrådd at born ryddar i lag med vaksne. Dugnadsfolk kan hente sekker og registreringsskjema på servicekontoret i sin eigen kommune. Kommunane har liste over prioriterte plassar å rydde. Avfallet kan leverast gratis på SSR sine miljøstasjonar i ryddeperioda. Vilkåret er at den enkelte ryddaren har med seg eit ferdig utfylt registreringsskjema saman med innleveringa av avfallet. Skjemaet blir utdelt på servicekontoret ved henting av sekker.

Leiv Arne Grimstad
Oppdatert: torsdag 20. september 2012 kl. 14:11
Artikkelen er mer enn ti år gammel
Publisert: torsdag 12. april 2012 kl. 19:59 Oppdatert: torsdag 20. september 2012 kl. 14:11
Del denne artikkelen på Facebook Del denne artikkelen på Twitter Del denne artikkelen på e-post
Redaktør og Dagleg Leier
Linda Eikrem
Kundesenter
70 01 85 00
abonnement@vikebladet.no
annonse@vikebladet.no
Tipstelefon
70 01 85 00
SMS/MMS
480 66 495
E-post
redaksjon@vikebladet.no

Vikebladet Vestposten arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. Se også Redaktøransvar. Vikebladet Vestposten har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til. Alt innhold er opphavsrettslig beskyttet 2023 © Vikebladet Vestposten.

Dersom nokon føler seg råka av urettmessig omtale, vert dei oppfordra om å ta kontakt med redaksjonen i Vikebladet Vestposten. Det er også høve til å reise klage for brot på god presseskikk til Pressens Faglige Utvalg, pb. 624 Sentrum, 0106 Oslo. Vikebladet Vestposten har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider det vert lenka til.

Informasjon om bruk av «cookies» og personvernpolicy.