Teknisk sjef Nils Yngve Nupen opplyser at ryddearbeidet blir gjort fordi mange tre har vakse seg så store at dei hindrar fri ferdsel for bossbilen og andre større køyrety. Etter kvart skal alle kommunale vegar i Hareid ryddast for greiner. Nupen ber folk vise forståing for at det i ein periode kan ligge felte greiner i veggrøftene. Også dei skal fjernast.