Då den gamle kommunevegen vart opprusta i fjor var familien Yksnøy så glade at dei bad inn vegarbeidarane på kakeselskap. Det var godt for paret å få bruke bil til og frå huset sitt. Men no har snøen kome og gjer det umogleg å ta seg fram på vegen. Turid Yksnøy fortel at dei har spurt Ulstein kommune om hjelp, men kommunen vil ikkje hjelpe dei. Ho har hatt hjarteinfarkt og mannen er heller ikkje frisk. Kvinna fortel at dei bruker ein time for å gå til bilen sin, så slik kan dei ikkje ha det. Det er meldt meir snø, så no vurderer paret stoda slik at dei ikkje kan bu på Eika i vinter. - Me er på jakt etter ei leilegheit som me kan bu i over vinteren, seier Turid Yksnøy. Ho legg til at leilegheita må vere fullt møblert, for dei får ikkje med seg noko frå huset sitt.

Har forsøkt å brøyte

Ulstein kommune kan opplyse om at dei har forsøkt å brøyte vegen, utan å lukkast. Vegen er 2,5 meter brei, traktoren deira med skjerm er 3,5 meter brei. Ikkje er det brøytestikker langs vegen heller. Kommunen seier at det ikkje er det at dei ikkje vil hjelpe, men dei har svara paret at dei ikkje kan hjelpe.