Ein svært kjælen og tørst kattunge vart funne gåande åleine utanfor Blåhuset onsdag morgon, men vart teken hand om av ein av dei tilsette på Ulsmo på Blåhuset. Kattungen ber eit raud halsband, og er tydelegvis velstelt. Finnaren trur at nokon rett og slett må ha mista han. Dei som savnar denne kattungen kan kontakte 70008515.