I alt hadde 44 50-årskonfirmantar meldt seg på samlinga, men tre av dei vart forhindra i å møte, så flokken vart på 41 personar. Lengst veg av alle hadde Peder Tjervåg, som tok turen frå Svanesund i Sverige.

Dei aller fleste av 50-årskonfirmantane er fødde i 1945, men åtte vart fødde i 1944.

Presten som konfirmerte dei i 1960 var Jon Bjørlykke. Fire frå konfirmasjonskullet har gått bort og ligg gravlagde på Osnes kyrkjegard, og laurdag var 50-årskonfirmantane på kyrkjegarden og la ned blomster på gravene deira.

Samlinga laurdag starta på Rune Miljøsenter der leiar Nils Roar Hareide stod for omvisinga. Også middagen vart inntatt ved Runde Miljøsenter.

Tilbake i Ulsteinvik tok dei først turen til Osnes kyrkjegard. Deretter var det samling i kyrkja, der dei blant anna såg på gamle bilete. Og om kvelden var det samling på Kaffikari ut i dei små timar.

Ein triveleg kveld med mykje prat og mimring. Og søndag var heile flokken samla til gudsteneste i Ulsteinvik kyrkje.