Hareid IL fekk inn 142.283 kroner ifjor - medan IL Hødd fekk inn 141.914.

Desse to laga var dei einaste som fekk inn eit sekssifra kronebeløp.

Mest pengar deretter i dei to kommunane fekk Hasundgot IL (44.058), Hareid skulekorps (25.746) og Ulsteinvik skulekorps (20.634).

Av songkora fekk Brandalskoret inn mest (4.107) - medan Bigset Blandakor fekk nest mest (3.369).

Grasrot-midlane kjem i sving ved at den enkelte som nyttar seg av Norsk Tipping sine tenester gjer avtale om at ein viss del av innsatsen skal gå til eit bestemt lag.