Då møtest tunnelløpa 245 meter under fjøresteinane på sørsida av Yksnøya. Eiksundtunnelen blir rekna som sjølve kjernen i Eiksundsambandet, så gjennomslaget blir ein merkedag for prosjektet. Det har vore ein spanande og krevjande jobb. Gjennomslaget er ein viktig milepæl for oss. No står att eit omfattande etterarbeid med vatn- og frostsikring, vegbygging og tekniske installasjonar, seier prosjektleiar hjå byggherren Statens Vegvesen Oddbjørn Pladsen og prosjektleiar Jonny Madsen hjå entreprenøren Mesta AS. Oddbjørn Pladsen hadde eigenleg håpa på gjennomslag før jul, men slik gjekk det ikkje. No blir det gjennomslag over ein månad etter det som var planlagt. Kvifor er de forseinka? Det heng saman med noko vanskelegare fjell enn venta. Fjellkvaliteten avgjer framdrifta i arbeidet. Framdriftsplanen vår er frå 2003, så då er det ikkje så ille å bomme med ein månad, meiner Pladsen. Han kan òg melde om at Eiksundtunnelen blir 40 millionar billegare enn budsjettert. Det kan høyrest mykje ut, men i prosent er det ikkje meir enn rundt 4 % billegare enn kostnadsoverslaget frå 2003. Pladsen er glad for at feilmarginen er på rett side. At Eiksundtunnelen blir rimelegare enn venta kjem lokalsamfunnet til gode. Då blir det ti millionar mindre å betale inn i bompengar. Kvifor blir det berre 10 millionar mindre å betale i bompengar, når tunnelen blir 40 millionar billegare? Eiksundsambandet blir finansiert gjennom bompengar og pengar frå staten. Staten dekkjer 75 % og bompengane skal dekkje 25 %. Såleis er det ein fjerdedel dei sparer på bompengar når tunnelen blir billegare, forklarer Pladsen. Oddbjørn Pladsen omtaler arbeidet med Eiksundsambandet som berre glede. Til no er det ingen som har blitt alvorleg skadde i arbeidet. Er det større fare for at folk skadar seg under sprenginga enn under andre delar av arbeidet? Nei. Sjølv den enklaste operasjon kan føre til skade. Det er heilt umogleg å seie kva som er mest farleg. Folk er ekstra forsiktige under dei operasjonane som blir rekna som ekstra farlege. Ulukker kan skje på kjøkengolvet for den del, seier Pladsen alvorleg.

Champagne og rømmegraut

Etter røyken har lagt seg etter den siste salva, vil turen gå ned til gjennomslagspunktet 245 meter under fjøresteinane. Der vil gjennomslaget bli feira med alkoholfri champagne og rømmegraut. Dit kjem prosjektleiinga, styret i Eiksundsambandet, representantar frå kommunane, Statens Vegvesen og entreprenør Mesta med underentreprenørar. Det skal vere gjort prøveboringar som kontroll på at endene på tunnelen treff kvarandre under gjennomslaget torsdag.