Prisen "Årets handelsbedrift" er oppretta av Nordea for å betre kvaliteten og sørvisnivået innan handelsnæringa, og for å heve den generelle kunnskapen om næringa. Den bedrifta som best oppfyller intensjonen bak prisen får tildelt prisen. I år fall valet på Vinmonopolet i Ulsteinvik. Juryen meiner at butikken deira på Blåhuset framstår som ryddig og oversiktleg. Butikken må kunne karakteriserast som viktig for handelen i Ulstein. Bedrifta har tilsette med god produktkunnskap. Dei er sørvisinnstilte og flinke til å rettleie og gje råd. Dei har godt humør og er med å skape ei god atmosfære. At ei bedrift som i tillegg er i ei monopolstilling, likevel har valt å leggje stor vekt på god sørvis er eit eksempel til etterfølgje for andre, heiter det i grunngjevinga. - Tilbakemeldingane frå publikum i samband med kåringa syner at Vinmonopolet har lukkast i denne satsinga, rosar Bergsvein Øvrelid i Nordea.

Rein kvinnearbeidsplass

På det lokale vinmonopolet i Ulsteinvik er dei tilsette berre kvinner. Dei er seks stykke, inkludert Cecilie Brungot som for tida har permisjon. Dagleg leiar Lisbet Våge Overå forklarer kvinnedominansen med at dei tilsette har deltidsstillingar. Deltidsstillingar er det gjerne berre kvinner som tek. Med deltidsstillingar er det lettare å bemanne, eller rettare sagt bekvinne i dette tilfellet, opp eller ned etter sesongen. Vinmonopolet har større pågang med kundar rundt juletider. Då blir det lett ein del ekstraarbeid på dei som arbeider der. Kvinnene skryt av det gode arbeidsmiljøet dei har på Vinmonopolet. Karine Vedlog fortel at ho dagen før kom to timar tidlegare på jobb for at ho trivst så godt der. På dei fem åra polet har hatt ope er det berre to som har slutta, noko som tyder på at dei som arbeider der liker seg. Lisbet Våge Overå seier at Vinmonopolet både lokalt og sentralt legg vekt på å yte god sørvis. Det er viktig for dei tilsette å kjenne til kva dei har i hyllene. Jamleg gjennomfører dei kurs og prøvesmaking. På bakrommet heng det ein serviceplakat, etiske retningsliner og plansjar over ulike vinsortar. I desse tider fyller Vinmonopolet i Ulsteinvik fem år. Til helga reiser dei tilsette til Bjorli for å feire. Så laurdag er det vikarar som tek seg av butikken. - Denne prisen er me veldig glade for å få. Det er kjekt at bygda set pris på oss, slår Lisbet Våge Overå fast.

Bergsvein Øvrelid og Leif-Per Breivik syntest dei hadde funne ein verdig vinnar til årets handelsbedrift. Dagleg leiar Lisbet Våge Overå tok i mot prisen på vegner av butikken.