Der var tre personar i kvar av dei to bilar som kolliderte front mot front. Fem personar vart køyrde til legevakta, ein person vart frakta til sjukehus i helikopter. Ingen av dei skal vere alvorleg skadde. Ulykka skjedde då bilen som var på veg mot Garnes, fekk sleng og kom over i motsett køyrebane. I den andre bilen sat der tre fotballjenter frå Bergsøy IL på veg til kamp i Sunnmørshallen. Vegen var glatt der ulykka skjedde. Politiet fekk melding om kollisjonen klokka 13.48. Bilane støytte altså saman i området Garsholhaugen/Botnen, ei vegstrekning der det ofte har hendt ulykker tidlegare.