Utstillinga "Unge talenter 2007" varer frå 23. mars til 29. april, og staden er DogA, Design og Arkitektursenteret i Oslo.

Stor konkurranse

Unge designarar får no sjansen til å vise fram arbeida sine til næringsliv, media og folk flest. Hopland er ei av to utstillarar frå Møre og Romsdal. Ho stiller ut møblane "Tide Lounge" og "Flow Bench", som karakteriserast som miljøsunne. Det er totalt 27 designprodukt som vert stilt ut, og dette er dei beste bidraga frå designkonkurransen "Unge talenter 2007". Den konkurransen samla heile 126 deltakarar, og var den største i sitt slag i Noreg. Konkurransen var open for studentar ved norske og utanlandske designhøgskular. Å vinne ein pris i denne konkurransen heng svært høgt, og det gir ein peikepinn på kven som kan kome til å prege det norske designmiljøet i åra som kjem. Mange vinnarar frå tidlegare år er i dag blant Noregs beste og mest kjende designarar, seier Eline Strøm-Gundersen, prosjektleiar i Norsk Designråd.

Masteroppgåve

Hopland var ferdig utdanna ved Kunsthøgskulen i Bergen no i vår, og det er Masteroppgåva hennar som no skal stillast ut. Å bli produktdesignar er eit mål for henne, men ho meiner det er ein tøff marknad i Noreg. Det var kjekt å kome blant dei beste i konkurransen, men det viktigaste er å få vist fram møblane på utstillinga, meiner ho.