Frå 1. juni kan ein reise direkte mellom Vigra og London. Denne ruta vil vere ein del av SAS Braathens sitt prisprogram, noko som kan gi rimelege flybillettar dersom ein er tidleg ute med bestillinga si. Allereie neste veke kan ruta ligge inne i billettsystemet. Dette er meint å vere eit heilårstilbod, med prisnivå som svarar til Oslo-London, seier sjef for ruteplanlegging i SAS Braathens, Lars Draagen, til smp.no. Det blir direktefly kvar fredag og måndag, med retur same dag. Reiselivet i fylket gler seg over tiltaket, og håpar på mange tilreisande frå England.