I 2003 bestemte Beate Pilskog seg for å få ny hund. Ho leita på internett og kom over eurasier og fall pladask. Ho skaffa seg eurasieren Albert, som no kan skilte med det staselege namnet Nuch Albert av Geehrbacch, etter ar han vart norsk utstillings-champion i Bergen. Han var den beste i sin rase i ei kjempestor utstilling med nærmare 2000 hundar, som Norsk Kennelklubb arrangerte. Den stolte eigar Beate Pilskog frå Ulsteinvik er leiar i den lokale hundeklubben, medlem i NKK (norsk Kennelklubb), retriverklubben og er styremedlem i Norsk Eurasierklubb. Ho har webansvarleg for fleire hundesider på nettet og er kursa i lydigheit, avl, genetikk, kynologi og "klikking". Ho reiser land og strand rundt for å delta på diverse hundeaktivitetar og utstillingar. Ho har kort sagt ei ihuga hundeinteresse, og då er nok ekstra kjekt at den vakre hunden Albert gjekk heilt til topps på pallen i Bergen. Om han får cert i tre land til, vert han internasjonal champion, og det er ein stor fordel når ho no skal starte sin eigen kennel. - Det er ikkje så mange av denne rasen i Noreg, rundt 230 på landsbasis og berre fem i Møre og Romsdal. Etter planen skal eg starte med avl til hausten. Celia er eit år for ung til å stille i same klassen som Albert, men ho vann i si klasse, fortel Beate. Euratsieren er ein relativt ny rase, skapt i 1960- åra. Han er ein middelstor, harmonisk bygd hund av spetztype med eit litt ulveaktigt hovud. Det er ein fin familiehund på grunn av sitt rolige vesen, og med sine mørke, uttrykksfulle auge og trekanta oppstående øyre er han ein skikkeleg sjarmør.

Albert er av ypparste klasse og det ser det nesten ut til at han veit sjøl også.