I fjor haust søkte Roald Sprstøl ein søknad til Ulstein kommune på vegner av Brattøra Eiendom. Då søkte han om å få setje opp eit forbodsskilt på innkøyringane til parkeringsområdet som høyrer til kjøpesenteret Amfi på Brattøra. På trafikkskiltet skulle det stå at det var innkøyring forbode mellom klokka eitt og seks på natta. Eit underskilt skulle gje løyve til nyttetrafikk for leigetakarar, tiltakshavar og byggherre. Bakgrunnen for søknaden var at Brattøra Eiendom skal ha motteke klagar frå naboar som var plaga med trafikk og støy og natta. Ulstein kommune sende søknaden på høyring, mellom anna til politiet. Men politiet ville ikkje tilrå skiltinga, noko dei sa i frå om i eit brev til kommunen i november. I seinare tid har politiet uttalt at det ikkje er dei som avgjer om eit skilt kan setjast opp. Det er opp til kommune eller vegvesen. Tilrådinga frå politiet er rettleiande, ikkje bindande. Sakshandsamar Odd Kåre Wiik i teknisk etat i Ulstein kommune oppdaga så at han hadde gjort ein feil. Nye reglar om skilting tredde i kraft frå juni 2006. Etter den tid er det Regionvegkontoret som avgjer denne forma for skilting. Wiik tok saka opp att etter ein del blest om saka i media. For å rette opp det han hadde gjort feil tok han kontakt med Brattøra Eiendom for å høyre om dei var interesserte i at han tok saka opp på ny. Og det var dei. No har Odd Kåre Wiik på ny sendt brev til politiet frå Ulstein kommune. Denne gongen ber han politiet vurdere om det er grunnlag for ny uttale i saka eller om dei står ved uttalen sin frå november. I brevet går det fram at det er Regionvegkontoret som er vedtaksmyndigheit for trafikkskiltet det er snakk om. Kommunen ventar på tilbakemelding frå politiet før vidare saksgang.