Rykta om vår død er betydeleg overdrivne, smiler administrerande direktør Helge Thalberg i Coop Nord-Sunn. Talberg siktar til eit oppslag i Vikebladet Vestposten 20. mars om omsetningsnedgang ved Coop Mega i Ulsteinvik i fjor. I Ulsteinvik er det i dag åtte daglegvareforretningar. I oktober 2005 etablerte Meny seg på Amfi Ulsteinvik, ein månad seinare opna den tyske matvaregiganten Lidl på Saunes, og i mai 2006, etter nesten eit års opphald opna Bunnpris butikk midt i Ulsteinvik sentrum. Til saman har dei tre nye butikkane som langsiktig mål å etablere ei omsetning på ca. 100 millionar kroner. Då seier det seg sjølv at marknaden blir destabilisert, og at dei nye forretningane veks på kostnad av dei alt etablerte butikkane.

Coop framleis størst innan supermarknad-segmentet

Men Thalberg ser ikkje mørkt på situasjonen. Han meiner at marknaden vil stabilisere seg ut over sommaren og hausten. Sjølv om det har kome tre nye konkurrentar inn i bransjen er Coop Mega Ulsteinvik utan tvil framleis den største i regionen innan supermarknad-segmentet, påpeikar Thalberg. Coop Mega i Ulsteinvik skal slett ikkje ligge på vêret og sjå an utviklinga. Dei svarer altså på den auka konkurransen med å utvide salsflata svarande til storleiken til om lag to store einebustader. Til påske neste år skal utvidinga av Blåhuset vere ferdig, og Coop Mega skal utvidast i det som er dagens gangareal. Vi satsar mange millionar kroner på utvidinga, og har stor tru på satsinga vår. Vi ser at der vi etablerer oss med den nyaste versjonen av Coop Mega, der får vi eit stort gjennomslag, opplyser Thalberg. Han vedgår at daglegvaremarknaden i Noreg er ei av dei tøffaste bransjane innanfor handel. I denne bransjen må det satsast, viss ikkje glir du sakte ut.

Å legge ned butikkar er det verste vi veit

Thalberg vil ikkje gå med på at Coop Nord-Sunn berre satsar på regionssentera, medan dei køyrer ei nedleggingsline i bygdene. Å leggje ned butikkane i bygdene er det verste vi veit. Vi prøver å halde butikkane opne så lenge vi kan, seier Talberg, og viser til at Coop Nord-Sunn med sine 20 butikkar er den største aktøren innan Coop-systemet med omsyn til nærbutikkar. Men vi kan ikkje drive med kryss-subsidiering. Butikkane må stå på eigne bein. Det er kundane som avgjer, og dei økonomiske lovene må gjelde. Thalberg meiner det er to utviklingstrekk som har oppstått om lag til same tid: For det første stiller folk større og større krav til butikkane sine. Dei er villige til å køyre lenger for å få dei varene dei ønskjer. Ein liten nærbutikk kan ikkje hamle opp med daglegvarebutikkane i regionssentera. Folk har rett til å handle der dei vil. Eg forstår at folk blir frustrerte over at butikkar blir lagt med, men det er handlemønsteret deira som er avgjerande. Vi legg ikkje ned for å sentralisere. Vi legg ned fordi omsetninga ikkje er god nok. Daglegvarehandelen er volumavhengig, forklarer Thalberg.

- Kjøpesenter er som magnetar

Utviklingstrekk nummer to er den sterke regionssenter-oppbygginga. Ulsteinvik, Ørsta og Nordfjordeid er døme på at dei rustar seg til kamp mot Ålesund og Moa, som er eit endå større regionssenter. Då får vi ei kjøpesenterdanning, og kjøpesenter er som magnetar på publikum, kommenterer Thalberg. Oppbygginga av handelen i Ulsteinvik, Ørsta og Nordfjordeid kallar han desentralisert sentralisering.

Nummer ein på lågpris i Hareid I førre veke var ca. 100 deltakarar samle til krinsårsmøte for Coop på Hareid. Butikken rundar 60 år i år, og Thalberg legg ikkje skjul på at han har fått spørsmål om kvifor Coop ikkje kunne halde fram som Mega-butikk på Har