Diana Moldskred er frå Hareid og tek til i heildagsstillinga som senterleiar for Blåhuset 1. april. Ho tek over etter Tore Hasund som dei siste fire åra har vore senterleiar i 60 prosent stilling. Vegard Ulstein i eigedomsselskapet Ulsmo meiner det var ein fordel at den første leiaren hadde ei stilling som var delt mellom det å vere butikkeigar og senterleiar. Tore Hasund vart på den måten eit naturleg bindeledd mellom senteret, huseigaren og butikkane. Han har gjort ein kjempejobb, understrekar Ulstein. Men no er kjøpesenteret Blåhuset i ferd med å doble seg. I mars neste år skal det nye Blåhuset opnast med totalt 12.000 kvadratmeter salsflate fordelt på 32-35 butikkar. Då ligg det i korta at vi må ha senterleiar i full stilling. Også med tanke på den forsterka konkurransesituasjonen vi vil møte framover.

Headhunta

Han opplyser at Diana Moldskred er headhunta til jobben. Dei fleste i Hareid og Ulstein har høyrt om Diana Moldskred og ablegøyene ho kan lage til. Ulstein er ikkje sikker på om like mange kjenner til dei administrative evnene hennar. Ho har fått dei beste skottsmål frå tidlegare arbeidsgjevarar og har ein imponerande CV. Moldskred er både utovervend og marknadsorientert, kommenterer han. Det er styret i Blåhuset Senterforening som har tilsett Moldskred, og styreleiar Rigmor Kleven er trygg på at Diana Moldskred blir rett kvinne på rett plass. Hovudpersonen sjølv forsikrar at ho gler seg stort til å starte i stillinga. Folk vil truleg ikkje merke dei store endringane ved Blåhuset frå første dag ho er på jobb. Tore Hasund har gjort ein glimrande jobb, og eg skal passe på at grunnsteinane han har lagt ned skal vere der i framhaldet også. Det første eg må gjere er å bli kjend med alle butikkeigarane og dei faste kundane. Eg treng ei bli-kjent-fase.

Lykkelege kundar

Eit av dei viktigaste måla hennar er at kundane skal få gode opplevingar når dei kjem til Blåhuset, og at dei skal kjenne seg lykkelege når dei går ut att. Kundane på Blåhuset skal få dekka behova i forhold til eit breispektra varesortiment, produkt og tenesteytingar. Blåhuset er både under utbygging og ombygging. Den nye senterleiaren opplyser at kundane gradvis skal få merke ei interiørmessig betring, kanskje for kvar gong dei kjem innom. Eg ønskjer å vere med på å skape ei god atmosfære for kundane. Som senterleiar for Blåhuset skal Diana Moldskred blant anna samarbeide med andre forretningsdrivande i Ulsteinvik, slik at folk utanfrå kommunen stadig får lyst til å ta seg ein tur til Ulsteinvik for å handle. Er det eit tankekors for deg som er busett på Hareid at du skal lokke kundar til Ulsteinvik? Nei. Det handlar om å gjere ein jobb, uavhengig av fysisk plassering. Dessutan har ikkje Hareid ein liknande jobb eg kan gå inn i, og eg trivst blant folk, også i Ulsteinvik. Også Amfi Ulsteinvik har ein senterleiar frå Hareid, og ho er venninna til Diana Moldskred. Eg ser ikkje på det som noko problem. Så pass profesjonelle må vi vere i jobbane våre at vi meistrar å skilje mellom sak, person og forretningsløyndomar. Vi skal sjølvsagt konkurrere, men vi skal også samarbeide, spesielt med tanke på at Ulsteinvik skal bli eit sterkt regionssenter. At arbeidsgjevarane vel folk ut frå kompetanse og ikkje adresse, ser ho på som ein stor styrke.

Positivt med konkurranse

Den nye senterleiaren på Blåhuset meiner det blir feil tankegang å fokusere på kva for kjøpesenter som vil overleve i lengda. Her er det ikkje snakk om å overleve eller ikkje. Her gjeld det å sjå på moglegheitene. Stikkordet er samarbeid. Tenk kor glimrande det er å få heile handelsstanden, bedriftene og kommunen med på eit felles strategisk samarbeid om Ulsteinvik som regionssenter. Konkurranse er positivt, det skjerpar sansane, og kundane skal kome sigrande ut.

Ikkje berre sirkus og basar

Diana Moldskred er kjend som ei kvinne som kan lage sirkus rundt seg, i positiv forstand. Er det sirkus kundane vil ha, så skal dei få det. Jobben min handlar om å vere marknadstilpassa og lydhøyr. Men slik eg ser det kjem kundane til Blåhuset primært for å handle, få utført ei teneste, eller berre for å ta ein titt. Eg trur ikkje det er noko god løysing å lage fest og basar konstant. Fokuset skal vere kunden i sentrum. Sjølv om Tore Hasund sluttar som senterleiar, kjem han til å samarbeide tett med Diana Moldskred. Hasund er medeigar i Intersport Straumane, og sit i styret til Blåhuset senterforening. Det er positivt at Diana Moldskred vil byggje vidare på den visjonen og det samspelet som er mellom huseigaren og butikkane, kommenterer Hasund - og rekkjer ein symbolsk stafettpinne over til den nye senterleiaren.

Vegard Ulstein i Ulsmo, påtroppande senterleiar Diana Moldskred, styreleiar Rigmor Kleven i Blåhuset Senterforening og avtroppande senterleiar Tore Hasund meiner ein god kombinasjon mellom konkurranse og samarbeid er resepten som må til for at Ulsteinvik skal bli eit regionssenter på Ytre Søre.