Kurset var i regi av Opplæringskontoret på Hareid, og deltakarane hadde sjølve kome med innspel til kva dei kunne tenkje seg å lære om. Dette var det fyrste av tre kurs.

Nyttige problemstillingar

Kursa er eit tilbod til lærlingar som er ferdig med vidaregåande skule og er ute i arbeid. Desse lærlingane har læretida si innan arbeid med born og unge, 0-18 år. Det er meininga at kursa skal setje fokus på ein del nyttige problemstillingar, slik som til dømes korleis ein aktiviserer born ute i naturen, fortel Greta Sandanger Goksøyr ved Opplæringskontoret. Tysdag hadde 10 lærlingar, to gutar og åtte jenter, møtt fram i Klubbhuset Hasundgot for å hente inspirasjon. Kursleiar var Nora Wingsternes, godt hjelpt av Cecilie Ulstein og Turid Knudsen. Wingsternes trur at hennar barnehage vart vald som kursstad på grunn av deira satsing på friluftsliv. Dei starta mellom anna "Lavvogruppa" i 2000, det er ei gruppe for ungar mellom tre og fem år, og der fokuset ligg på friluftsliv og uteaktivitetar. Barnehagen disponerer eit flott område i skogen, der dei har bygd gapahuk, utedo og mange forskjellige leikestativ.

Inspirasjon

Kurset byrja med teori, der elevane fekk høre kor viktig det er at ungane held seg i rørsle og får utvikla motorikken sin. Etterpå fekk lærlingane bli med opp i skogen. Der fekk dei prøve å fyre opp bål, lage kolstiftar, koke tomatsuppe og lage pinnebrød. Dei fekk også lage naturvev og prøve diverse leikar i skogen. Naturveven laga dei av greiner som dei knytte saman, og så fylte dei den med mose, kvistar og andre naturmaterial. Temaet for veven var "Dei tre bukkane bruse". I tillegg fekk dei lære korleis uteområdet var bygd opp, med enkle reiskap som tau og greiner. Ragnhild Dyrhol frå Larsnes var ei av dei som deltok. Ho meinte kurset var lærerikt, og at det var veldig greitt å sjå og få prøve nye aktivitetar. Seinare vert lærlingane samla til nye kurs, då skal dei lære om "born og språk" og gitarspeling.

Jenter som laga naturvev. F.v. Kristine Husøy (Hareid), Ragnhild Dyrhol (Larsnes), Åse-Lill Vik (Gursken) og Maria Werkland (Kvamsøy).