Coop Marked Hjørungavåg er i dag den einaste daglegvareforretninga i Hjørungavåg. I tillegg til kolonial er der også Post-i-butikk og Tipping. Likevel går omsetninga ned, og administrerande direktør Helge Talberg i Coop NordSunn stadfester at skjebna til butikken har vore drøfta i styret. Hittil i år er omsetningsnedgangen på 3,6 prosent. Det er ikkje slett så mykje som 2006 samla, men likevel nok til at det blinkar nokre gule lys, åtvarar han. Dersom folk vil ha butikken i framtida, må dei bruke han til meir enn suppleringsbutikk, slår han fast. Vi har vidareutvikla Prix-butikken i Hareid sentrum, og Coop-butikken i Ulsteinvik har fått ei sterk utvikling. Då er det naturlig at omsetninga i dei små grendabutikkane går ned, meiner Talberg. Men er ikkje dette eit tveegga sverd. Dei små butikkane får ikkje så mange gode tilbod som dei store, og dermed søkjer folk seg til sentrumsbutikkane? Daglegvare er ein volumbransje. Til større volum ein butikk sel, til betre tilbod kan dei tilby. Dette er lovmessig, uansett kva kjede butikken tilhøyrer svarer Talberg. No studerer styret omsetningstala til butikken i Hjørungavåg månad for månad. Og for hjørungavågarar som ønskjer at butikken skal vere der i framtida er det berre ein ting å gjere: løp og kjøp.