Ti på halv åtte fredagskvelden fekk politiet telefon frå Ulsteinvik. Ei kvinne i slutten av førtiåra skal ha vore så rusa at dei ho var på besøk med ikkje rådde over henne, så dei hadde prøvd å sende henne heim i drosje. Men det var lettare sagt enn gjort, for kvinna kom tilbake til nabolaget. Difor bad dei politiet om hjelp. Politiet tok så med seg kvinna og køyrde henne heim til nabokommunen. I halv ellevetida fekk politiet på ny telefon frå Ulsteinvik om ei rusa kvinne. Men dette var ikkje same kvinna som tidlegare på kvelden. Meldaren fann den rusa kvinna liggjande i vegbanen i eit byggjefelt. Men då politiet rykte ut for å ta seg av kvinna hadde alt ein annan forbarma seg over kvinna og støtta henne heim. Moped utan lys Klokka 22.58 fekk politiet tips om to mopedar som køyrde rundt på Hareid utan lys. Men dei som melde ifrå om mopedane hadde ikkje registreringsnummer på mopedane, så då er det vanskeleg å etterforske saka. Politiet oppmodar folk som ser slikt om å notere seg registreringsnummeret. Smerter i naseregionen Klokka elleve på kvelden fekk politiet telefon frå ein som hadde blitt slått av ein namngjeve annan mann. Han som vart slått skal ha sagt noko til han som slo som ikkje fall i godt jord. Mannen som vart slått melde om smerter i naseregionen. Dei to involverte var i slutten av tenåra. Veiva med skilt Litt før to natt til sundag fekk politiet tips om at det var ein mann som gjekk rundt i Fosnavåg og veiva med eit trafikkskilt. Det viste seg at skiltet ikkje var noko trafikkskilt, men eit reklameskilt. Politiet bad mannen setje frå seg skiltet, noko han så gjorde.
Nyhende →
Rusa kvinner og anna bråk
Politiet har hatt nok å hengje fingrane i fredagskvelden.