Begge sit i kommunestyret for Folkelista for Hareid kommune, og når rådmannen sitt forslag om å løyve pengar til oppstarting av Hod – Vikinglandet skal til handsaming under budsjettmøtet 17. desember, kjem truleg alle dei fem representantane til å stemme imot. Teigene og Overå understrekar at dei er for at Hjørungavågspelet skal få seg ein fast spelplass. – Men denne gongen har det gått for fort i svingane. Alle dei praktiske tinga bør vere på plass for endeleg vedtak. Det knyter seg mellom anna tvil til disposisjonsretten til stranda, kommenterer Bjørn Overå. Planen er å grave ut eit amfi i baren ned mot Overåsanden. Og nemnda som har utarbeidd planane ser føre seg at i tillegg til sjølve Hjørungavågspelet, kan spelplassen også brukast til konsertar og sandvolleyball. Teigene og Overå ser føre seg ein knallfin sommardag med kanskje 1000 solhungrige som kan bli nekta tilgang til stranda fordi der skal vere konsert. Ikkje privatdrive langhus I planane til prosjektgruppa er det også tenkt at eit langhus på dagens asfalterte parkeringsplass skal drivast av private. Det likar ikkje Folkelista for Hareid. Dei meiner langhuset bør disponerast av Stiftinga Hjørungavågspelet. – Hjørungavågspelet treng eit klubbhus. Blant anna til oppbevaring av kostyme og rekvisita. I dag er utstyret deira spreidd nesten over heile kommunen. Dersom fleire skal ha disposisjonsrett til langhuset, kan det fort bli brukarkonfliktar. Hjørungavågspelet blir for det meste drive på dugnad, og Overå fryktar at dersom private aktørar kjem inn og skummar fløyten frå arrangement, kan siste rest av entusiasmen frå starten i 1986 smuldre bort. – Bygdefolket må kome på banen. Overåsanden er ei perle, og det bør tenkjast grundig gjennom om det er rett å byggje eit amfi midt i indrefileten på stranda. Alllmennretten er viktig, poengterer Hallgeir Teigene. Veit ingen ting om driftsutgiftene Folkelista for Hareid meiner politikarane ikkje har fått nok informasjon verken om økonomien eller miljøkonsekvensane i prosjektet. – Vi veit ikkje ein gong kva driftsutgiftene vil bli for kommunen. Vi vil ikkje gå på den pinnen som Hareid kommune har gått på så ofte før: å gå i gang med prosjekt utan å vite kvar økonomien endar. Målet er framleis at Hareid skal ut av Robekk-lista. – Men er det ikkje grunn til å tru at både dugnadsviljen og gløden for Hjørungavågspelet vil smuldre bort viss de no set kjeppar i hjula for Hod – Vikinglandet? Foreslo 50.000 kroner til konsekvensutgreiing – Vi har ingen ting imot at Hjørungavågspelet får permanent spelplass og langhus. Vi vil berre ha utgreidd om eit amfi i baren ved Overåsanden er den beste løysinga, svarer dei to. Då saka var til handsaming i formannskapet for eit par veker sidan foreslo Folkelista å løyve 50.000 kroner til ei konsekvensutgreiing. Håpet deira er at dette får fleirtal også i kommunestyret 17. desember.
Nyhende →
- Spelplassen på Overå er ikkje godt nok utgreidd
- Vi veit ikkje nok verken om dei økonomiske eller miljømessige konsekvensane av å byggje amfi i strandkanten av Overåsanden, meiner Bjørn Overå og Hallgeir Teigene.