I førre oppslag om treningssenteret i Vikebladet/Vestposten skreiv vi at senteret på Varleitet skulle stå ferdig den 25.november. Vi har dessverre misforstått og beklagar det. I følgje dagleg leiar David Andersen ved Aktiv Trening Ulstein var det nemleg kun delar av senteret som skulle stå ferdig til denne datoen. – Den nye Spinningsalen og to squash - hallar har no opna. Kundane her vart svært glade når desse opna, og eg føler at haldninga har snudd litt. Eg vert glad når folk kjem bort til meg og seier at dette vert bra, seier Andersen. Ny vasslekkasje Det er ikkje til å leggje skjul at dei har møtt ein del utfordringar i arbeidet med senteret. – Seinast førre veke kom det ei ny vasslekkasje. Denne gongen i gymsalen der vi allereie har lagt nytt sportsgolv. Eg synest det er heilt utruleg at det går an å få så mange vasslekkasjar, seier Andersen. Dei vil no tørke opp dette rommet, og eventuelt vurdere sikringstiltak for taket for å unngå at liknande skjer igjen. Andersen opplyser at dei skulle ha eit byggjemøte i går, onsdag. – Gymsalen i 2.etasje hadde nok vore ferdig dersom det ikkje hadde vore for denne vasslekkasjen, seier Andersen som anslår at den no vil vere ferdig om ei vekes tid. Etter planen skal styrke/frivekt - arealet i 2.etasje opne i slutten av denne veka. Vil kome i mål I går (onsdag) kom eit firma som skal avrette golvet i 1.etasje. Deretter skal dette tørke, før det skal leggjast sportsgolv over det heile. Den nye delen i 1.etasje er stengt av, medan det eksisterande treningsrommet i første etasje vil halde ope. Andersen meiner at senteret skal vere komplett ferdig til nyttår. – Kor tålmodig er du? spør vi han. – Eg har gitt meg over til å vere tolmodig. Det hjelp ikkje å hisse seg opp og skjenne. No må vi berre prøve å samarbeide på best mogleg måte for å kome i mål, seier Andersen.
Nyhende →
Komplett ferdig til nyttår
Det var kun delar av treningssenteret i Ulsteinvik som skulle stå ferdig den 25.november.