Jul og romjula er tradisjonelt høgtid også for husbrannar, og mange frykta nok at dei tragiske brann-statistikkane vi har sett den siste tida skulle forverrast desse dagane og øydelegge julefreden. Men slik har det ikkje gått. Foreløpig. Bortsett frå utforkøyringa i Aurvågtunnelen vesle julaftan har også trafikken i området gått nokon lunde bra. Herøynytt melder likevel om ein utbrent bil i Herøy natt til laurdag. 2. juledag er tradisjonelt ein festdag, og særleg i samband med arrangementet "Den store festen" på Sjøborg Kulturhus denne dagen, var det nok mange som frykta slagsmål og fyll i Ulsteinvik sentrum. Dette vart ikkje tilfellet, melder politiet. I staden var det i Ørsta spetakkelet kom. Hit hadde politiet fleire utrykningar i løpet av natta.