Ordføraren i Hareid har hatt samtalar med avdelingsdirektør Lilly Ottesen om ei samlokalisering av øl- og vinmonopolutsal av drikkevarer med avgrensa volumprosentinnhald. Ingen andre kommunar i Noreg har ei liknande løysing, og tanken til Gjerde er at samlokaliseringa på Hareid kan vere eit pilotprosjekt. I eit brev til Helse- og omsorgsdeparementet argumenterer ordføraren med at Hareid er ein av få kommunar som framleis har kommunalt ølmonopol. Gjerde meiner det er viktig for alkoholinntaket at Hareid kan halde på ølmonopolet også i framtida. Ho viser til at ølmonopolet er plassert i sentrum der alle butikkane i kommunen, unntatt ein matvarebutikk, er lokalisert. Monopolet held til i ryddige lokale, har eit godt sortiment og held konkurransedyktige prisar. Dette gjer at folk i kommunen er svært nøgde med tilbodet, og det er ikkje forslag om å leggje det ned. Vi er overtydde om at ryddig og oversiktleg drift gjer at vi har svært god kontroll med omsetnaden, noko som igjen er med på å hindre misbruk og sal til mindreårige. Hareid kommune har vore med i eit pilotprosjekt om avgrensing av rusmiddelbruk i samarbeid med Rusmiddeldirektoratet i fire år. Kommunen har arbeidd med ansvarleg vertskap og rusførebyggjande ungdomsarbeid.

Avgrense alkoholinntaket

Gunn Berit Gjerde seier til Vikebladet Vestposten at ho lanserer ideen om eit mini-vinmonopol i samlokalisering med det kommunale ølmonopolet ut frå ein alkoholpolitisk synsstad. Eit minipol med drikkevarer som ikkje har høgare volumprosent enn til dømes 15 eller 22 %, samlokalisert med eksisterande ølmonopol, meiner eg vil avgrense alkoholinntaket. Ei slik løysing vil gje kommunen eit spesialsenter som vil gjere ølmonopolet endå meir attraktivt, og demme opp for hamstring av andre alkoholvarer ved utreise til andre kommunar for å handle. Og dermed også demme opp for sterkare drikkevarer. Samlokaliseringa vil gje sterkare aktualitet og kvalitet til både ølmonopolet og til vinmonopolet, og dermed gi godt økonomisk driftsgrunnlag for begge pol. Samtidig som det totalt sett vil gje eit lågare alkoholinntak, meiner Gjerde. Ho understrekar at dersom løysinga blir aktuell, så må det bli to fysisk skilde avdelingar i butikklokalet. På spørsmål frå lokalavisa opplyser Gjerde at ideen om å opprette eit minivinmonopol ikkje har vore til handsaming i det politiske miljøet i Hareid. I første omgang er dette berre ein førespurnad om ideen let seg gjennomføre i det heile. Men dersom departementet kjem med eit positivt svar, må saka sjølvsagt til politisk handsaming. Då blir det ei sak både for formannskapet og kommunestyret, understrekar ho.