Landbrukssjef Anne Kathrine Løberg varslar at det nærmar seg vårteljing av hjort. Natt til laurdag 16. april og natt til laurdag 30. april skal hjorten i Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta teljast.

Teljingane går føre seg frå midnatt til klokka seks på morgonen.

Teljingane blir utførd med systematisk søk over all innmark. Under teljinga brukar ein kraftig lys, så det er viktig for folk å vere merksame på lysbruken dei aktuelle nettene.

Resultatet av teljinga er med på å gi eit godt faktagrunnlag for koleis ein skal forvalte hjortestamma på Søre Sunnmøre. Samla resultat av teljinga blir publisert på heimesida til Søre Sunnmøre Landbrukskontor.