Speidarane har rydda fjøra frå Raffelneset på Hareid, Overåsanden og til Rolls-Royce i Hjørungavåg.

Dei om lag 45 speidarane jobba hardt, og aksjonen vart avslutta med grilling av pølser på bål.

Hareid kommune delte ut sekker, og tok også imot alt bosset speidarane hadde sanka inn.

Strandryddedagen er ein årleg, landsomfttande miljødag der strender over heile Norge blir rydda for plast og anna søppel.