Eli Skaatun, som er styreleiar i Live Åtte, har ei fin historie å fortelje no før jul.
I midten av november fekk ho ein telefon frå Perny Austnes, som eig Vikemarka barnehage. Austnes fortel at barnehagen kvar haust har ein "Barn hjelpar barn-aksjon". I år ville dei gje pengane dei samla inn til Live Åtte sitt Nepal-prosjekt.
Då vart Skaatun glad. Ho troppa opp i barnehagen den dagen det var tombola. Foreldre og besteforeldre til barnehageborna var gjester. Skaatun hadde med seg bilete og kart over Nepal for å fortelje historia om korleis Nepal-prosjektet starta og kva som har skjedd sidan den gongen. Mange var interesserte og ville høyre. Nokre fekk med seg skriftleg materiell.
Vikemarka barnehage fekk inn heile 11 185 kroner som vart overført til Live Åtte sitt Nepal-prosjekt.
Eit av læremåla til barnehagen er: "Den største gleda du kan ha, det er å gjere andre glad". Førebels har dei greidd å glede Skaatun, og ho takkar på det hjartelegaste for støtta, som vil glede born i Nepal.