Nyttårsaftan er svært belastande for mange hundar fordi dei er redde for høge lydar.

Ikkje la ein skotredd hund vere heime åleine på nyttårskvelden, og skjerm hunden for lydinntrykka, er blant råda som Statens tilsyn for planter, fisk, dyr og næringsmiddel gir.

Her er nokre av dei andre råda:

- Pass på at hunden (og katten) ikkje kjem seg ut og stikk avgarde. Kvart år stikk livredde dyr av, og det utløyser leiteaksjonar.

- Ikkje ta med deg hunder ut dersom han er redd.

- Dersom hunden ønskjer å gøyme seg, kan det vere lurt at han får lov til det.

- Ver heime saman med hunden, finn eit rom der det er minst mogleg lysblink og lydar. Dersom du har ei kjellarstove, kan dette vere ein grei stad.

- Dersom du har høve til dt, kan det vere fint å ta med hnden til ein stad der det ikkje er så mykje fyrverkeri, til dømes på hyttetur.

- Prøv å avleie merksemda. Lyd frå radioen kan fungere "normaliserande" for nokre hundar, medan andre blir stressa av det. (Rakettlydane overdøyver uansett radioen).

- Aktiviser hunden med innandørs leik, slik at han får noko anna å tenke på.

- Gå ein lang tur på ettermiddagen, slik at hunden er sliten når kvelden kjem.

- Gi han gjerne mat litt seint, ein mett hund fell lettare til ro.

- Spør veterinæren dersom hunden er virkelig redd for fyrverkeriet, det finst alternative løysingar som kan dempe angsten. Men ikkje driv "sjølvmedisinering" med legemiddel gitt til anna dyr, eller i annan samanheng. Gi hunden for all del ikkje menneskemedisin! Det er berre veterinærar som kan skrive ut medisinar til dyr, og feil bruk av medikament kan forverre situasjonen.

- Dersom lydar og smell er eit stort problem, bør du søke råd hos veterinær eller åtferdsterapeut, og det må gjerast i god tid før neste nyttårsaftan.

Råd for kvalpar