Rådmannen foreslo for politikarane at dei godkjende ei investeringsramme på 300 000 kroner til bygging av turveg mellom Breifjellet og Årdalen.

Men kommunestyret valde å følgje tilrådinga frå formannskapet med å sjå tiltaket i samanheng med budsjett- og økonomiplanarbeidet for 2018–2021.

Rådmannen orienterte om at dei hadde fått tilbod frå ein entreprenør på 300 000 kr, tilboda frå dei andre var tre gonger så høgt. Grunnen til at dei fekk eit så lågt tilbod var truleg for at entreprenøren no hadde ledig kapasitet.

Trond Berg (KrF) ivra for å gjere ferdig denne vegen no for å få dekt att såret oppfor vassverket. Men Kersti Hasund (SV) syntest ikkje det var rett å gjere denne investeringa no som det er innkjøps- og vikarstopp i kommunen. Ho meinte dessutan det er nok grusvegar i naturen. Ordførar Knut Erik Engh og fleirtalet var samde med Hasund, det var dårleg signaleffekt å løyve pengar til turveg no som det elles skal sparast.