Festen vart arrangert på leikeplassen i Pilskogane i nydeleg solskinn. P.O. Vel er ei aktiv velforening som i hovudsak fokuserer på oppgradering og vedlikehald av leikeplassen i bygda, men vi arrangerer også som oftast to festar i løpet av året, påskeeggjakt og sommarfest. I fjor haust klarte i tillegg velforeninga og få montert ei julestjerne på Hjørungneshornet, ein lang og krevande prosess med mykje dugnadsinnsats, men resultatet vart fantastisk då ein omsider fekk tenne stjerna til glede for alle i bygda.

Det som er unikt med våre arrangement er at alt av både underhaldning og servering er gratis. Dette veit bygdefolket å setje pris på, så også på årets sommarfest kom det svært mange gjestar. Med eit yrande folkeliv på leikeplassen er det vanskelig å telje nøyaktig, men vi vil anslå at minst 250 gjestar var innom arrangementet denne ettermiddagen.

Årets festtema var «tivolistemning» , der styret i forkant hadde jobba iherdig med å lage buder og heimelaga lykkehjul. Gjestane kunne i år gå frå bud til bud, og forsyne seg med pølser, is og popcorn. I tillegg til dette var årets kakebord gigantisk, eit ekte sunnmørsk kakebord som også inkluderte ei fantastisk flott og god marsipankake som Bunnpris Hareid hadde sponsa oss med!

I forkant av festen fekk vi god hjelp av fleire kjekke born, dei pynta med ballongar, vimpelrekker og sommarplakatar. Leikeplassen var difor svært innbydande og lekker då gjestane kom. Det var i alle fall ingen tvil om at det var sommarfest vi arrangerte denne ettermiddagen. I tillegg til hjelp med dekorering fekk styret også svært god hjelp av kjekke ungdommar som stod i budene og til loddsalget. Jentene som stod i budene var pynta med lekre raude forklede og kokkehattar, dei var kjempeflinke og fortener ein stor takk! Inntekta frå loddsalet går direkte til oppgradering og vedlikehald av leikeplassen, og vi hadde nærare 20 fantastisk flotte gevinstar og lodde ut.

I år hadde styret invitert «klovnen Klumse» og hans to hjelparar, ei som dreiv med ansiktstsmaling og ei som tatoverte glittertatoveringar, noko som var svært populært blant borna. Klovnen trylla fram både sverd, hjarte, hattar og dyr av ballongar. Styret hadde også booka inn ein frisør, Merhawit, som fletta «sydenfletter» på borna. Alle aktivitetane og budene vart svært godt mottatt, det var lange køer hos alle, og imponerande nok stod ungane sirleg og venta på tur, inga sniking i køene.

Vårt heimesnikra lykkehjul var også svært populært, her opererte ein med «jackpotpremie», ei stor sjokoaldeplate, i tillegg fekk alle borna karameller, antallet varierte med kva farge pila stoppa på. Det viste seg derimot at det å oppnå hovudpremien var svært vanskeleg, men ungane gav ikkje opp, dei stilte seg opp i køa igjen rett etter mislykka forsøk. Gleda som borna viste når hovudpremien vart sikra, gjer at styret føler at all jobben som er lagt ned i forbindelse med arrangementet, er vel verdt. Mottoet vårt er «å glede Hjørungavågarar», noko vi er sikre på vi klarte og oppnå denne dagen. Uansett kor ein snudde seg såg ein glade og fornøgde born og vaksne, gjestane skein om kapp med sola denne augustkvelden.

Dette er eit arrangement som er meint for alle i bygda, både yngre med små born, men også eldre folk, som vil treffe sambygdingane sine. Leikeplassen har vorte eit treffpunkt, der m.a. nytilflyttarar møtes og skaper nye bekjentskap, ein sosial arena. Det er kjekt å sjå at ein kan kose seg ilag på fest, på tvers av generasjonar.

Camilla Tangen Nanseth/ «Nanseth Media», var så kjekk og stilte opp for velforeninga som fotograf. Stemningsbileta som no er posta på facebooksida til P.O. Vel er fantastisk flotte, Camilla har fanga gleden, entusiasmen, spenninga og meistringa til borna på ein heilt unik måte! Bileta i denne reportasjen er det difor «Nanseth Media» som står bak. Tusen takk til dyktige Camilla!

Alt i alt må styret seie seg svært godt nøgd med nok ein svært vellykka og gjennomført fest. Etter arrangementet har styret fått utallege gode tilbakemeldinga, noko som gir oss motivasjon til å framleis arrangere kjekke festar for innbyggjerane i Hjørungavåg. Eit kreativt og hardtarbeidande styre håper at alle hjørungavågarar tek turen tilbake ved neste høve. I mellomtida vert det nok arrangert fleire dugnadar på leikeplassen som vi håper innbyggjerane vil delta på, noko som både er svært sosialt og ikkje minst er det givande og kjekt og få vere med på å skape ein så flott samlingsplass som leikeplassen no framstår som. Leikeplassen vert nytta dagleg både av hjørungavågarar og folk utanfrå bygda, skular har nytta leikeplassen til ulike arrangement og fleire andre organisasjonar i bygda har arrangert festar i vår flotte park. Sandvolleyballbane, fotballbane, turnstativ, piruett, vipper, sandkasse, to ulike basketballstativ, sjørøvarskute, «klatrepark», sklie, babyreiestativ og reiestativ til eldre born står no klare til å verte nytta. Om kort tid vil i tillegg leikeplassen få endå eit tilskot, eit splittert nytt pingpongbord, sponsa/produsert av Spenncon i Hjørungavåg. Spenncon er ein trufast og gavmild sponsor, som stiller opp med sand og betong, og er i tillegg alltid hjelpsame når det er noko vi treng hjelp til. Utan gode samarbeidspartnarar og rikeleg med dugnadsinnsats, hadde det ikkje vore mogeleg og få til ein så flott samlingsstad som leikeplassen no framstår som.

Styret består av følgande: Per Over Riste, Yvonne Øvrelid, Hilde Johansen, Karsten Hatløy, Irene Overå og leiar Ragnhild Nedrelid.