21-åringen frå Dimna skal i aksjon på VM-stadion første gong søndag. Forsøksheata på 400 meter hekk startar kl 12.05.  Heatet til Karsten startar kl 12.32, ifølgje tidsplanen.

NRK startar VM-sendinga kl 11.00, då kan ein følgje med på tv eller nett.

Dersom Karsten går vidare frå forsøksheatet, vert det semifinale måndag kl 21.20.  Og går det slik mange håper, blir han også å sjå i finalen onsdag kl 22.30.

NRK-kommentator Jann Post seier til nrk.no at han har stor tru på Karsten Warholm:

- Med sigrar i Diamond League og ei sterk tid etter seks løp på fire dagar i U23-EM, så er han klar medaljekandidat.