I vår fekk kommunen støtte frå vegvesenet til tre prosjekt:

* gang- og sykkelveg mellom Hasund skule og Kleven verft

* gang- og sykkelveg mellom Halseneset og Skeide

og

* sykkelparkering

I eit brev til Statens vegvesen gir avdelingsingeniør i teknisk etat, Vegard Ertesvåg, ei oppdatering om framdrifta i arbeidet.

Har engasjert konsulent

Ulstein kommune fekk 1,9 millionar kroner til arbeidet med ein gang- og sykkelveg mellom Hasund skule og Kleven verft.

- Kommunen har ikkje klart å følge framdriftsplanen som vi sette opp i søknaden. Vi har hatt munnleg kontakt med vegvesenet, som har gjeve oss ei foreløpig godkjenning til å overføre tilskotet vidare til neste år, skriv Ertesvåg i oppdateringa.

Han skriv vidare at kommunen no har engasjert konsulentar til arbeidet med å prosjektere vegen. Prosjekteringa skal snart vere klar og byggearbeidet skal då ut på anbod.

- Kommunen har tenkt at byggeprosessen skal starte 15. november i år.  Eit slikt prosjekt langs ein veg med mykje og tung trafikk vil ta tid, men kommunen skal sørge for at det vert jobba kontinuerleg, slik at det vert ferdig raskast mogleg, skriv Ertesvåg.

Han skriv at det ikkje lenger er realistisk med sluttdato 31. desember, og meiner vegen skal vere ferdig før skulen startar etter sommarferien i 2018.

Rettsleg skjønn

Heller ikkje gang- og sykkelvegen mellom Halseneset og Skeide vert ferdig etter planen. Prosjektet skulle eigentleg stå ferdig i juni 2018, men no ligg det an til at de vert forseinka med eit par månader.

Vegvesenet har løyvd 1,15 millionar til denne vegen.

- For å bygge denne gang- og sykkelvegen treng kommunen å erverve ein del grunn. Dette vert i samband med ei større bustadfeltubygging i same område. Det går med rettsleg skjønn og vil truleg ikkje vere ferdigbehandla før til våren, skriv Vegard Ertesvåg i teknisk etat.

Parkeringsplassar for syklar

Ulstein kommunen fekk også 600.000 kroner for å lage plassar for sykkelparkering.

Plassane var tenkt å stå ferdige i september, men Ertesvåg meiner november er eit meir realistisk mål.