– Du ser her, her har det danna seg djupe groper. Dette er skummelt, tenk viss eit bilhjul hamnar utanfor her.

Jon Kristensen er ute og går tur på vegen då lokalavisa kjem, og han peikar på grøftekanten langs Kvitnesvegen. Saman med kona Kristin kjøpte han det ytste huset ved Kvitnesvegen for fem år sidan. Ekteparet bur i Drammen, men skal flytte til Eiksund over nyttår. Huset på Kvitneset brukar dei som fritidshus.

– Det er mange som går tur her, men det er også mange som køyrer hit. Det meste eg har talt på ein dag var sytti bilar, fortel Kristensen.

– Kommunen bør utbetre

Det er strekninga med grusveg frå Karlhaugen til kystfortet Jon Kristensen meiner Hareid kommune bør gjere noko med. Vegen er smal, humpete og altså full av groper.

– Desse gropene berre veks og veks, delar av vegen heng no i lause lufta, forklarer Kristensen, som er ute og luftar hunden denne regntunge oktoberdagen.

Han viser til at Brandal Vel har gjort mykje for å rydde i området nedom vegen, i Englandsvika, der det ligg gamle gravrøyser.

– Ein slik innsats frå velforeininga vil truleg føre til at det kjem fleire hit. Området her er eit interessant turmål, ikkje berre for dei som bur her, men også for turistar, seier Kristensen.

Kva meiner du kommunen må gjere?

– Det første må vere å merkje områda som er i ferd med å rase ut. Så bør heile vegen skrapast og fått nytt grusdekke. Det trengst ikkje asfalt, meiner Kristensen.

Kva har du gjort for å varsle kommunen om dette?

– Eg har kontakta kommunen både på telefon og epost, utan å få svar.

Ber om ein million

Einingsleiar i Hareid kommune, Christina Steffenssen, seier seg lei for at kommunen ikkje har svart Kristensen. Men ho er samd i at den knapt ein kilometer lange vegen bør utbetrast.

– Eg har difor bede om ein million kroner på budsjettet for neste år. Det er veldig mange som brukar vegen til rekreasjon, så eg er heilt samd i at vegen må vere skikkeleg, seier ho.

Politikarane i Hareid skal behandle budsjettet for neste år på møte i desember.