Torsdag kveld hadde Ulstein kommunestyret det siste møtet før sommareferien.

Nokre av sakene var kort prosess, som til dømes to klagar frå frå både Eiksund og Flø hjortevald, der dei ønskte 30 % refusjon av innbetalt fellingsavgift for 2013.

Tilrådinga frå rådmannen var å ikkje ta nokon av desse klagene til følgje, ettersom krava for refusjon ikkje er følgde.

Dette var også eit samrøysta Ulstein kommunestyre samde i, som røysta for rådmannens tilråding utan merknadar.

Helsedebatt

Samrøysta var også Ulstein kommunestyre i alle andre saker som vart tekne opp torsdag kveld. Men det vart litt meir diskusjon rundt tertialrapporten.

Eit aktuelt tema som vart løfta fram var helsetenesta og demensavdelinga.

Renathe Rossi-Kaldhol (Ap) og Knut Erik Engh (FrP) var begge samde i at det burde bli gjort ei såkalla ROS-analyse (Risiko- og Sårbarheitsanalyse) på desse områda.

Ulstein kommunestyre gjekk samrøysta inn for dette som eit tillegg til rådmannens tilråding.