Mykje har skjedd sidan Blåhuset starta opp for 15 år sidan.

Ingerid Ulstein fortel at då Ulstein vart seld til Vickers i 1999, ville Ulstein satse på eigedom, for å ha fleire bein å stå på. Samvirkelaget ønskte å byggje om til kjøpesenter, og då heiv Ulsmo seg rundt og tok over prosjektet.

Ting gjekk fort – frå kjøpesenteret var på diskusjonsnivå i 2000 til det opna 5. desember 2001. Daglegvarebutikken var open heile tida, dei bygde det andre rundt. Men kontorlokala over Mega viste seg å innehalde asbest då dei reiv lokala.

– Kvar ein vare på Mega måtte vaskast for hand. Men det gjekk bra. Severin Myklebust hjelpte oss med forsikring og me fekk att det me skulle på forsikringa, fortel Ingerid Ulstein i Ulsmo. Kontora i bygget opna først hausten året etter.

Ein del av butikkane på Blåhuset har vore med heilt frå starten. Det er Mega, Nille, Intersport, Vinmonopolet, Best Fashion og Sunkost.

Dobla arealet

Etter nokre år kjende Blåhuset trong for å fornye seg. Ulsteinvik hadde fått eit kjøpesenter til i bygda – og for å ta opp konkurransen frå Amfi Ulsteinvik ville Blåhuset utvide. Dei fekk hand om Nordea-bygget, som dei reiv – og det var litt fram og tilbake om dei skulle få byggje så høgt og bruke den opne plassen. Men våren 2008 opna dei det nye Blåhuset, som var dobbelt så stort som det førre.

Blåhuset gjekk frå 8000 kvm (der 4000 kvm var butikkar) til 12000 kvm med butikkar og parkeringsanlegg.

– Blåhuset var dei første i Ulstein som hadde rulletrapp. Og den første parkeringskjellaren, opplyser Ulstein.

I starten var det ein del som kvidde seg for å parkere i kjellaren, men det ser det ut til at fleire no har vent seg til.

– Det gler hjartet mitt når eg ser at parkeringskjellaren er full, smiler Ulstein.

Ho synest bygda har fått to gode kjøpesenter, med ein del mindre butikkar i mellom. No håper ho at den vidare veksten blir i mellom kjøpesentera, så ein får eit meir kompakt sentrum.

– Trivsel har mykje å seie

Siri Waage Pilskog kom i 2006 inn med Parfymelle, som seinare vart Skin Tonic.

– Kva har vore høgdepunktet i di tid på Blåhuset?

– Det har vore ein jamn opptur, svarer Waage Pilskog.

Ho merka at det var litt kronglete å få kundane til å finne fram til kjøpesenteret under ombygginga av Sjøgata og Sjøsida, men no har folk funne tilbake til dei.

Waage Pilskog og Ulstein er samde om at Ulstein kommune fortener ros for utviklinga av Ulsteinvik sentrum. Her har blitt fint og dei har tenkt langsiktig. No gler dei seg til at Arena Ulstein kjem på plass.

– Eg trur folk synest det er hyggelegare å handle i Ulsteinvik. I tillegg til at dei kan handle her kan dei få med seg kultur. Dei kan gå på konsertar og kino, og det er eit veldig fint sentrum der det er triveleg å gå i gatene, seier Ulstein.

– Trivsel har mykje å seie, legg Waage Pilskog til og trur stadig fleire er ute etter ei total oppleving, ikkje berre handle.

Bursdagsfeiring

Blåhuset har nyleg gjennomført ny ombygging av senteret. Det er opna opp meir i andreetasjen, som har fått eit vrimle- og leikeområde. Ulstein håper at dei i løpet av vinteren får Pastebakeren inn i andreetasjen, og har elles eit par interessentar til dei ledige lokala.

Måndag blir det bursdagsfeiring på senteret. Mega stiller med kaffi, Valaker med kake og Vinmonopolet med alkoholfrie smaksprøver. Butikkane stiller med gode tilbod, og Skin Tonic får besøk av ein make-up artist frå Shiseido.