Til møtet i Hareid formannskap komande måndag ligg det føre ei tilråding frå rådmannen om å melde kommunen inn i «Sykkelnettverket», som er eit sykkelfagleg nettverk for tilsette i kommunane, fylkeskommunane og Statens vegvesen.

Nettverket har hittil litt over 100 medlemer og skal vere ein reiskap for avgjerdstakarar og planleggarar som arbeider med utbygging, drift og vedlikehald av infrastruktur for syklande.

Medlemskapet er gratis. Rådmannen finn det naturleg at planleggaren i kommunen, for tida Silja Øvrelid, blir sykkelnettverket sin kontaktperson i Hareid og dermed blir tillagd ei slags initiativrolle med tanke på å få til gode sykkelveg-løysingar i kommunen.