Bra med folk hadde møtt fram til friluftsfesten utanfor Ulstein ungdomsskule i ettermiddag. Erlend Fiskaa Ødegård var programleiar, og losa programinnslaga trygt gjenom heile festen.
Han hadde funne ut at gjennomsnittstemperaturen dei siste ti åra klokka 14.00 var 11 pluss grader. Årets 17. mai var om lag det halve.
- Vi feirar også verdiar
Eit friluftsarrangement utan korpsmusikk er snippe, og Ulsteinvik skulekorps med dirigent Jette Holstad kom marsjerande inn. Etter at dei hadde avslutta musikknummera sine kom leiaren i korpset, Jonny Rabben på scena for å dele ut medaljar. Både tre, fem, sju og tiårsmeldaljar.
- Vi feirar 17.-mai fordi vi fekk grunnlova vår i 1814. Men vi feirar også utviklinga av verdiar, kulturen og kulturlivet. Eg vil takke 17. mai-komiteen for innsatsen, og eg vil takke alle korpsmusikantane og foreldra deira som står på. Vi er eit folk som kan yte utan å krevje noko tilbake, sa Rabben då han delte ut medaljane.
20.000 kroner frå Saniteten
Kanskje var det ei overrasking for Ulsteinvik Skulekorps at Linda Dalehamn i Ulsteinvik Sanitet deretter kom på scena og delte ut ein sjekk på 20.000 kroner til Ulsteinvik skulekorps.
Eg veit kor mykje som krevst for å drifte eit skulekorps, også i kroner og øre, sa Dalehamn – og fekk kraftig applaus både frå korpsmusikantane og publikum.
- Framleis kampar vi må kjempe
Før dagens festtalar, Auroa Dimmen Bratli kom kom scena var det sjarmerande song ved 4. klasse ved Ulsteinvik barneskule.
Dimmen Bratli takka for tilliten 17.-maikomiteen hadde synt henne. Ho meiner 17. mai er ein av dei viktigaste dagane i året. Ho tok publikum med attende til januar 1814 og bakgrunnen for at 112 menn møttest på Eidsvoll for å skrive grunnlova.
- 17. mai vart ikkje feira så mykje dei første åra etter på, men om lag 10 år seinare begynte feiringa å ta seg opp i Oslo. Henrik Wergeland var ein av dei første som heldt talar på 17. mai. Barnetog vart det frå 1870, etter initiativ frå Bjørnstjerne Bjørnsson, oppsummerete Dimmen Bratli.
Men den unge festtalaren ville noko meir enn å levere ei historisk oppramsing:
- Det er ingen sjølvfølge at vi lever i eit av verdas beste land, og vi har mange kampar som framleis må kjempast, sa Bratli, og nemnte blant anna at mange unge i dag slit med eit stort prestasjonspress, at barn og unge blir mobba og at mange kjenner seg einsame.
- Vi må vere flinke til å inkludere, både i skule- og jobbsamanheng. Og det er ikkje greit at nye landsmenn blir møtt med framandfrykt. Vi må alle ta i eit tak for å skape eit betre samfunn for dei rundt oss, sa Dimmen Bratli, og avslutta talen sin med diktet «Sammen er vi sterke».
- Lykke til vidare
Også russepresident Elisabeth Kvalsvik Frøystad tok utgangspunkt i 1814 og grunnlova i appellen sin.
- Vi skal vere glad for at vi lever i eit fritt og demokratisk land. Det er ikkje alle rundt om i verda som gjer det, sa Kvalsvik Frøystad.
Ho avslutta appellen med å ønskje både årets russ – og dei frammøtte – lykke til vidare.
Friluftsfesten vart avslutta med allsong av «No livnar det i lundar», og sjølv om det hadde vore ei fin stund, var nok dei fleste glade for å få røyse seg. Kulden begynte etter kvart å tære på.