- Vi går frå det sikre til det usikre. Eg trur eg pratar for alle når eg seier at dette er ein tung prosess, seier Sigbjørn Holkestad som jobbar som møbelmontør på Ekornes-fabrikken på Hareid.

Han pratar om usikkerheita og spørsmåla som alle dei omlag 70 tilsette ved Ekornes-fabrikken på Hareid har måtte tatt stilling til etter dei fekk bodskapet om at fabrikken skal leggjast ned og at produksjonen blir flytta til Sykkylven.

Alle dei tilsette har fått tilbud om å halde fram i jobbane sine, men dei kjem til å finne stad i Vestlandske sine lokale i Sykkylven. Dette vil for dei fleste bety at dei vil få ein betrakteleg lengre veg til jobb. Sigbjørn bur i Steinsvika i Herøy kommune. Han vil få lengst pendleveg av alle.

Dei tre alternative vegane han kan ta til og frå Sykkylven er alle på over to timar ein veg. Og det er om ferjene klaffar.

- Det blir mykje ekstra kostnadar på bilen. Slitedelar som må byttast ut oftare og ikkje minst kjem det til å gå med ein heil del meir drivstoff. Forsikringa må også oppgraderast, seier han.

Men kanskje enda meir prekært er at det vil ta over fire timar av kvardagen å pendle frå Steinsvika til Sykkylven. I tillegg flyttar produksjonen til ein mindre moderne fabrikk i Sykkylven, der det blant anna ikkje er samleband som fraktar dei ulike delane til møbelmontørane. Sigbjørn belagar seg på meir fysisk arbeid.

- Eg har operert ei skulder og er usikker på om skuldra kjem til å klare enda tøffare fysisk arbeid. Eg kjem nok til å bli veldig sliten. Med den ekstra lange pendleturen i tillegg, veit eg ikkje om det kjem til å gå i lengda, seier han.

Sigbjørn prøvar likevel å fokusere på det positive og held alle moglegheiter opne. Han er, ulikt fleire andre, i ein posisjon der han kan flytte på seg.

- Eg skulle helst budd heime i Steinsvika, då eg både har familie og vener heime i Herøy, men siktar meg likevel inn på å finne ein hybel eller leiligheit i Sykkylven. Einaste problemet er at eg har ein katt med på flyttelasset, og det er det kanskje ikkje mange utleigarar som meinar er greit, seier han oppgitt.

Om han ikkje skulle finne bopel, vil han gi det eitt forsøk å pendle. Han er redd han ikkje har noko alternativ. Trass i at Sigbjørn har planar om å gjere det han kan for å fortsette i jobben, legg han ikkje skjul på at han synest det er trist at fabrikken på Hareid leggjast ned.

- Det er heilt bak mål at ein skal legge ned ein så moderne fabrikk som denne på Hareid. Det er trist også fordi eg kjem til å miste kollegaer som ikkje kan vere med på flyttinga til Sykkylven, slår han fast.