Marit Lystad Johansen (33) frå Ørsta debuterte som plateartist med EP-en "Reaching for the stars" 12. mars i år.
I samband med sleppet hadde ho ein vellykka sleppkonsert i volda, og journalisten frå avisa "Møre" skreiv at han fekk både frysningar og høyrde "hitpotensiale" i fleire av låtane på plata.
Marit Lystad Johansen har samla seg eit band med erfarne musikarar frå regionen og held konsert 10. april på Madelynn Cofee i Fosnavåg.
"Reaching for the stars" inneheld fem låtar i sjangeren moderne country og er trykt opp i 200 eksemplar i tillegg til digital utgjeving.
EP-en er gitt ut i samarbeid med produsent og gitarist Hans-Christian Humberset som har stått for all innspeling i sitt eige studio heime i Ørsta. Humberset har røynsle frå fleire plater saman med Steinar Engelbrektson og Crashville.
Plata er mastra hos Ocean sound Studio på Giske.
På låta "Tear you up" har Marit med seg Stig Ulvestad, også kjend som "Stig Ulv", på dobro. I tillegg er den amerikanske felespelaren Kurt Baumer med på to låtar.