Måndag morgon fekk redaksjonen tilsendt eit bilete av denne noko spesielle frukostgjesten, ei orrhøne som hadde sett seg til for å nyte utsikta over Ulsteinvik. Eller kanskje var det berre kome seg ut av jaktterrenget for ei lita stund?

- Det var no for nokre minutt sidan, den sat her vel i rundt ti minutt, fortel fotografen, Robert Kanestrøm.

Han fortel at det er første gongen han har sett orrhøne i bustadfeltet der han bur.

- Eg har sett fugl i fjellet her tidlegare, men det er nokre år sidan.

Kva tenkte du då du såg kven som hadde kome på besøk?

- Eg rakk ikkje å tenkje så mykje, men eg byrja å lure på om katten var ute, for den er litt av ein fuglejeger, ler Kanestrøm.