Klokka 12.00 gjekk startskotet for Verdas Aktivitetsdag. I Ulsteinvik møtte om lag 14 menneske fram for å vera med på markeringa.

I regi av WHO

Det er Ulstein kommune i samarbeid med Frivilligsentralen og Rema 1000 som står bak arrangementet i Ulsteinvik. Verdas Aktivitetsdag er ei verdsomfattande markering skipa i 2003 av tidlegare leiar av Verdens helseorganisasjon (WHO), Gro Harlem Brundtland. Det internasjonale namnet er Move for Health Day.

Både unge, gamle, små og store møtte fram. Før gåturen, som gjekk mellom Skollebakken aktivitetshus og Alvehaugen, heldt folkehelsekoordinator Kine Andersen ein mindre appell for dei frammøtte.

Like aktive som pensjonistar

– Det er ein inneklemt dag der det er planleggingsdag i skular og barnehagar. Men likevel er frammøtet godt. Årets tema for dagen er Aktiv kvardag, fortel Andersen.

Dei yngste borna er best på fysisk aktivitet i kvardagen. Difor meiner folkehelsekoordinatoren at vi har mykje å læra av dei minste.

– 15-åringar er snart like aktive som pensjonistar. Det er eit godt teikn på at ungdommen ikkje er nok aktiv i kvardagen. Difor tykkjer vi det er viktig å setje fokus på auka aktivitet – blant anna saman med dei minste. Det kan vera nok å leike med eigne born eller barneborn, eller å ta trappene i staden for heisa eller gå og sykle til og frå jobb, eller ganske enkelt gjera hagearbeid. 30 minutt aktivitet om dagen er nok, fortel Andersen.

Etter litt informasjon fekk deltakarane byrje på turen som tok om lag 30–45 minutt. På Alvehaugen fekk deltakarane servert frisk frukt og drikke av samarbeidspartnaren Rema 1000 i Ulsteinvik. Det vart også arrangert leik og andre aktivitetar.

Åshild Sivertsen tok på seg oppgåva med å fortelje historier undervegs.

Både små, store, unge og gamle møtte fram. Foto: Joar Ødegård
Folkehelsekoordinator Kine Andersen heldt appell for dei frammøtte før gåturen. Foto: Joar Ødegård