Første juledag arrangerer Ulstein Frivillegsentral “Jul for alle” på Skollebakken aktivitetshus i Ulsteinvik.
Leiar i Ulstein Frivillegsentral, Inger Anne Dimmen, fortel til Vikebladet Vestposten at mange har synt interesse for arrangementet “Jul for alle” på Skollebakken første juledag.
Har plass til fleire
Dimmen fortel at dei har mellom 15–20 påmelde.
– Det er fantastisk mange som tek turen innom. Vi har plass til fleire og kven som helst kan kome, seier ho.
Ho legg til at mange sit åleine i jula og ikkje har nokon å vere saman med.
Difor oppmodar ho folk som sit åleine om å ta kontakt med Frivilligsentralen om dei kjenner seg einsam i jula.
Sponsar arrangementet
Frivilligsentralen har fått godt med sponsormiddel til arrangementet.
– Coop Vest i Ulsteinvik vil sponse oss med ulike ting til samlinga. Som til dømes kaker, brus, kaffi, frukt og sjokolade. I tillegg har Hjørungavåg sanitet sponsa oss med 5000 kroner. Det er heilt overveldande, fortel Dimmen, som ifølgje erfaringar veit at det vert ei koseleg stund på Skollebakken første juledag.