Ein bil har køyrt av vegen ved Herøybrua. Politi, brannvesen og ambulanse kom raskt til staden. Føraren av bilen vart karakterisert som hardt skadd og ambulansehelikopter vart rekvirert.
Meldinga om ulykka kom tysdag føremiddag klokka 11.48.
Føraren, ein mann i starten av tjueåra, var tatt med til Ålesund sjukehus for undersøkingar og behandling.
- Skadeomfanget er ukjent, seier operasjonsleiar Einar A. Rostad i Sunnmøre politidistrikt tysdag klokka 14.
Bilen kom køyrande frå Fosnavåg. Etter å ha køyrt av vegen rett etter Herøybrua, har bilen gått kast i kast og hamna omlag ti meter utanfor vegen.
Årsaka til ulykka er heller ikkje klar. Rostad seier at ulykkesgruppa til Statens Vegvesen støttar hjelper politiet i etterforskinga av ulykka. Det er oppretta sak og Lensmannen i Herøy og Sande har ansvaret for den vidare etterforskinga.
Vegen er no open for trafikk etter å ha vore stengt i samband med redningsarbeidet.