Trygge jobbar og framleis låge renter ei stund framover gjer at nordmenn har tru på vekst i eigen økonomi, ifølgje Forventningsbarometeret for tredje kvartal.

– Trua nordmenn har på eigen økonomi aukar og ligg framleis på eit høgt nivå i historisk samanheng. Men vi ser eit markant fall i trua på økonomien i landet, seier Idar Kreutzer, administrerande direktør i Finans Norge.

Forventningsbarometeret, som er eit kvartalsvis samarbeid mellom TNS Gallup og Finans Norge, viser også at det er relativt få som er bekymra om lånerenta skulle stige noko.

– Vi såg ein stagnasjon i sysselsetjinga og auke i arbeidsløysa i vår, men endringane har vore relativt beskjedne og openbart ikkje sterke nok til å rokke ved kjensla av framleis høg jobbtryggleik. Folk flest er ikkje veldig bekymra for at lånerenta vil auke. Noko svakare vekstutsikter for norsk økonomi gjer også at mange makroøkonomar no trur renteoppgangen kjem seinare, påpeiker Kreutzer.

Ferske tal frå Statistisk sentralbyrå viser at BNP for Fastlands-Noreg auka med 1,2 prosent frå tredje kvartal i fjor til andre kvartal i år. Dette er lågare enn kapasiteten i norsk økonomi skulle tilseie – 2,5 prosent.