Både nettstadane yr.no og pent.no meiner vi får sol til og med laurdag 16. mai. Men søndag - sjølve grunnlovsdagen - kan det tenkast å kome litt regn. Både yr.no og pent.no har ført opp ei tilskying denne dagen. Pent.no har jamvel ført opp nokre regndropar. Men vi merkar oss at det skal vere austleg vind - og at temperaturen skal stige og bli bra høg (15 grader). Erfaringsmessig kjem det lite nedbør på Ytre Søre Sunnmøre med denne vindretninga, så kanskje tek vêrmeldarane feil?
Nyhende →
Usikre meldingar for 17.-mai-vêret
Etter at eit høgtrykk la seg over landet tidleg i veka har vêrmeldarane varsla fint vêr dei fleste stader i landet på søndag 17. mai. Men no er dei ikkje fullt så sikre lenger.